Sirdal Veteranvogn Klubb

Volvo B725 1959 “Turisten”

Bilmerke: Volvo B725

Modell: 1959

Eier: Sirdal Kommune

Turisten2 TuristenBussen gikk i sine første år i turistrute mellom Kristiansand og Stavanger gjennom de indre strøk på 60-talet. Bussen vart rekna som eit flaggskip på Sørlandet. Derfor fikk den kallenavnet “Turisten”.

Bussen vart kjøpt inn av dåverande Sirdal og Gyland Bilruter i 1959 til en pris av kr 100 000. Det var en høg pris og mange lurte på om dette kunne gå godt. Men bussen var et vidunder, med bua ruter framme og bua vindauge langs kanten av taket. Den var og den fyrste bussen i selskapet som hadde luftbremser. Eksosen vart leia gjennom røyr under setene, slik at passasjerane ikkje skulle frysa under turane til høgheiene. Bussen er ein Volvo B725, med karrosseri frå Brødrene Repstad karosserifabrikk. Etter å ha vore i bruk i 16 år, vart den seld til eit tivoli og gikk seinare som campingbuss. Den har vore borte frå Sirdal til Rutebilhistorisk foreining greidde å spore den opp i 1998. Bussen var då i forbausande god stand, men setene var erstatta av senger, benker og en kjøkkenkrok. I tillegg måtte den lakkerast, og knuste ruter måtte skaffast. Den sto i fleire år i garasjen til rutebilselskapet på Tonstad, medan ein venta på midler til oppussing. Tilslutt var det Sirdal Kommune som tok initativ og gjekk inn med midlar for å dekke kostnadane ved restaureringsarbeidet. Det var Bjørge Karosseri A/S i Skien som gjorde sjølve arbeidet medan verkstaden på Tonstad fiksa motor, bremser, styresystem, osv. Manglande seter vart skaffa gjennom ein notis i bladet Rutebil. Arbeidet vart gjennomført i 2003/2004 og regningen kom på heile kr 775 000, men då vart den minst like fin som da den ble levert i 1959.